Rykta går allereie om at Le Tour 2006 skal gå innom Belgia og Nederland tidleg i Juli, jfr. Eurosport
Det betyr at viss ein skal ha base i Provance for å kunne få med seg ei og anna etappen i Pyreneane og i Alpane, så går etappane i sør i midten av juli. Dvs. TDF2006 vil gå frå Strasbourg, nordover til Belgia og Nederland, deretter mot sørvest til Pyreneanse, så austover til Alpane og så til Paris den 23. juli. Ei slik rute vil tilsvare TDF2004 og då kom ein inn i Pyreneane den 16. juli og til Provence den 20. juli. Men sidan avslutningsdagen i 2004 var to dagar etter (25. juli) må vi derfor rekne med at i 2006 når ryttarane Pyreneane rundt 14. juli og Provance 18. juli. Dette er heilt råe tips.
Holiday rentals between private individuals? Lenke
Gites de France Den offisielle til overnattingsstader i Frankrike
Regionen som er aktuell i 2006 er Provence og Cotes de Azur. Var-regionen peikar seg ut som særleg optimal, i høve til å reise både til Pyreneane og Alpane for dei som likar fjellområder der det tilfeldigvis går sykkeletappar. Og frå Var-regionen er det også kort ned til middelhavet, men bur ein i Var-regionen er symjebasseng naudsynt.