Hana er beinveges oblikve kasus av norrønt hani m. Nå kan ein vel undrast kva for slags lokalitet eit slikt namn kunne passa på. Det finst ein "Hanagard" til i landet, i Bruvik i Hordaland. NG går ut frå at Hana opphavleg er namnet på fjelltoppen Hananipo som ligg ved garden (NG XI s 316). Hani m er og fyrste ledd i gardsnamnet Hanasand i Ryfylke. Her vil NG tru at Hani- kan ha vore skjernamn (NG X s 256). Skal vi overføra desse tankane til Hana i Sandnes, er det ikkje urimeleg å sjå Hani som namn på ein av fjelltoppane rundt garden. Skjer finst det færre av her, i alle høve slik landskapet stig fram nå. NG peikar til ein av Ulvanutane, dei er to i talet. Eg vil hevda at Hani like gjerne kan ha vore det fjellet som heitar Skjeraberget i dag, eller jamvel det som nå kallast Svinafjellet, tvers over dalen for fyrstnemnte. Dei ligg begge nærare garden enn Ulvanutane og trer vel så godt fram i landskapet.

Nå finst det og dei som vil setja Hana i samband med norrønt hadna f - unggeit. I Vik i Sogn og Fjordane ligg garden Hanavik. NG set fyrsteleddet saman med norrønt hodn f, ei sideform til hadna. Hodn, genitiv hadnar, høver godt med den eldste skriftforma, Hadnarvik. Garden ligg ved osen av ein fjellbekk, og Hodn skal då ha vore eit gammalt bekkenamn. Tilfeldig renn det ein bekk forbi "vårt" Hana og. Dei geografiske tilhøva på dess stadane skulle derfor kunna samanliknast. Men på grunn av reint språklege lovar må Hana - hadna f allikevel avvisast. Hana må reknast som nominativforma av hadna, og det er svært uvanleg at nominativ av eit svakt hokjønnsord et blitt hovudform i stadnamn. I målføret vårt elles er det heilt omvendt, nettopp nominativforma av svake hokjønnsord er blitt ståande: ei visa = visa. Stadnamn er oftast overleverte i oblikve kasus i dei høve der kasusmorfemet er halde ved lag, delvis p.g.a at dei blei brukte som ledd i eit proposisjonsuttrykk: på Hana, til Hana, frå Hana osb. Dessutan var dei oblikve formane tre i talet mot bare ei nominativform. Eg meiner dermed å ha grunnlag for påstanden om hani m - hana som bakgrunn for gardsnamnet.

Asseim-garden er nemnd i 1668 og 1723. NG trur at det er nåverande gnr. 61 - Asseim, men det er ikkje rett. Det har vore to gardar med dette namnet i Sandnes. Underbruket under Hana i 1668 blir nå kalla Hanaøygarden eller bare Øygard. Vi har eit minne om det gamle gardsnamnet i fyrsteleddet i Asseimdalen, som ligg i utmarka mellom Øygard og Skaret.

H A N A S I Å