Toradertrioen frå Hallingdal - Knut Halvards - Hallingdal Kraftlag -
Sven Nyhus Kvartett - Fyrstesida - Sidebotn

 

 

Frå venstre: Gunn Sølvi Gausemel, Synnøve Hjellbakk Hole, Tone Lien Dyrkorn, Bente Storbakken, Torunn Raftevold Rue, Gunnhild Sindre og Marianne Thomasgård. (Foto: Bård Gudim)

Musikalsk flørt i frie former

Med FRIE FORMER er Honndalstausene med fynd og klem attende på den norske folkemusikkscena. Det starta for moro skuld i 1983 med unge venninner i improvisert samspel. På rekordtid fekk folkemusikk-miljøet nye kjæledegger. Første kapittel vart avslutta med den jentefriske plata HONNDALSTAUSENE i 1988. Resultatet vart Spellemannpris-nominasjon, heider og pokalar av gjevaste slag på kappleik og stemne. Så kom fleire år med dansespel, konsertar, radio og fjernsyn i inn- og utland. Honndalstausene sette farge og særpreg på ny norsk folkemusikk. I 1992 kom neste musikalske folkegåve. Tausene var blitt unge kvinner, og feira med plata STRENGELEIK.

 

Men etter å ha delteke med olympisk felespel på Lillehammer i 1994 har tausene vore tause. Berre av og til har dei dukka opp på scena og rive av ein slått. Liksom for å minne om at det kan løne seg å vente på noko godt.

 

No er det klart for tredje akt. Honndalstausene er blitt vaksne damer, og med FRIE FORMER viser dei at det framleis er saft og kraft både i understrenger og musikalsk skaparvilje. Kvinnelege spelemenn pregar slåttevalet. Alle dei sju Honndalstausene har felespelande kvinner i slekta. Slåttane er finpussa, oppfriska og nyarrangert til bruk i eit nytt årtusen. Honndalstausene betyr nyskaping, saftig appell og flørting med tradisjonen. Med eit gjennomført sterkt og personleg musikalsk uttrykk. Dei kan folkemusikken sin, og veit kva som skal til for å få gamalt gull til å skine. Resultatet blir frie former, med umiskjenneleg særpreg og elegant feminin touch.

På nokre av slåttane har dei invitert ein ny generasjon nordfjord-tauser med seg i studio. TauseCompagniet er Norges største kvinne-spelemannslag. Det er på tide å lytte, og kaste seg ut i dansen!

English version

Utgjevingar med Honndalstausene:

Frie Former Heilo HCD 7161. Grappa Musikkforlag A/S. År: 2000

Strengeleik Norsk Plateproduksjon IDCD 23. IDK 23. År: 1992

A short english summary

Honndalstausene Heilo HO 7052. MC: HK 7052 . År: 1988
Nominert til Spellemannprisen 1989


På denne sida kan du lesa meir om kvinnelege spelemenn i norsk folkemusikk.

Les meir om slåttekjeldene og spelemannshistoria i Nordfjord på desse sidene:

Frå plata Honndalstausene

Frå Strengeleik

Frå Frie Former


Musikalske smakebitar i RealAudio og mp3-format

Honndalstausene kan kontaktast på denne e-mailadressa: spelemenn@broadpark.no

Sidetopp