Bergensbanen opna dalen- Trekkspelet pressa fela ut - "Me måtte tilpasse uss" -
"Torader-sjokket" - Viktige slåttekomponistar - Sidebotn

Gamaldansmusikken i Hallingdal:

Dalen som skapte
"Torader-sjokket"


Av: Arne Sigurd Haugen


Hallingdal har spela ei viktig rolle i vitaliseringa og oppblomstringa av gamaldansmusikken dei siste 20 åra. "Toradertrioen frå Hallingdal" må ta både æra og ansvaret for den durspel-farsotten som sidan 1975 har herja i landet. Både til glede og fortvilelse for folket, alt etter som.

Eigentleg er det eit paradoks det heile. For Hallingdal har ingen stor og rik lokal tradisjon av gamaldansmusikk. Men gamaldansmusikken har sjølvsagt hatt ein viktig funksjon også her, fyrst og fremst vore bruksmusikk til dans. Alle spelemenn av betydning dei siste 100 åra har nytta gamaldansmusikken ved sida av folkemusikken, på danselokalet, i bryllaup og i andre festlege lag og samkomer. Dei har spelt gamaldansmusikk både i solo, i samspel med fleire feler og i lag med trekkspelet etter at dette instrumentet vart vanleg. Men det er nødvendig å vera klår over at:

Den lokale, tradisjonelle folkemusikken har alltid hatt ei så sterk stilling, at gamaldansmusikken aldri har vorte oppfatta som ein del av folkemusikk-tradisjonen, slik tilfellet er mange andre stader i landet.

Det var fyrst og fremst vals og reinlendar dei gamle spelemennene fekk bruk for når dei skulle spela noko anna enn springar og laus til dans. Magne Myhren, som vel er den som har den grundigaste oversikten over hardingfele-slåttane i Hallingdal, har funne eit tjuetals slike gamaldansmelodiar som har vore brukt av dei eldre spelemennene i dalen. Og mest berre vals og reinlendar.

I det gamle durspel-repertoaret(einrader(einpikkar)- er det noko meir å finne. Jon Faukstad skriv i si bok "Einraderen i norsk folkemusikk" at rundt 25 prosent av det gamle einrader-repertoaret i Ål var gamaldansmusikk. Resten var eldre dansetypar.
Opplysningane både frå Magne Myhren og Jon Faukstad fortel ein del om den dansemusikken som var vanleg blant folk i Hallingdal på siste halvdel av 1800-talet.

Det norske bygdesamfunnet var i sterk forandring. Den prosessen som Inge Krokann kallar "det store hamskiftet" , overgangen frå naturalhushald til pengehushald, var i full gang i Noreg. Samkvem mellom by og land var i sterk utvikling, og bygdene vart bombardert med impulsar utanfrå. Den nye musikken, runddansmusikken, var ein del av alt dette nye og eksotiske. I deler av landet vart den nye musikken og dei nye dansane så populære at dei nesten fortrengde den gamle folkemusikken.

Og så dukka det opp eit nytt instrument, trekkspelet. Eit instrument som ikkje stilte krav til utøvaren på same måte som fela. Det var ingen innarbeidd "skule" for kva som var rett og gale, og ingen tradisjon som skulle bevarast. På trekkspel spelte dei det dei hadde bruk for, og det som fall dei inn. Derfor kan ein rekne med at det overleverte einrader-repertoaret avspeglar den musikken som var mest vanleg mellom folk. Rundt 1880 reknar ein med at trekkspelet, eller einraderen var kjent og i bruk i dei fleste norske bygder.


Bergensbanen opna dalen
På denne tida var Hallingdal enno ein avstengt og isolert fjelldal på mange måtar . Det var ikkje før med Bergensbane-anlegget som kom i gang ved hundreårskiftet at "den nye tida" for alvor kom til Hallingdal.

Med bygginga av Bergensbanen vart plutseleg ei hovudfartsåre mellom aust og vest lagt gjennom dalen. Med anlegget kom rallaren, slusken, eit eksotisk og nytt innslag både i yrkeslivet og i sosial samanheng. Med rallaren fylgde trekkspelet og den nye musikken, her som andre stader i landet. Det lokale musikklivet med spelemennene i spissen måtte sjølvsagt tilpassa seg i ein viss grad. Sjølv om det var springar og laus som dominerte i Hallingdal til langt ut på 1920-talet.

Folkemusikktradisjonen både i spel og dans var uvanleg sterk og levande her, samanlikna med andre delar av landet. Det var springar og laus dei dansa meir enn noko anna. Dersom trekkspelet skulle vera til nokon nytte, måtte spelemennene bruke det til å spela den gamle folkemusikken på. Difor lever det framleis ein interessant slåtte-tradisjon med springar- og lauslåttar på durspel i Ål. Sentrale namn i dag er Embrik Bergaplass og Thorleif Stave.

Trekkspelet pressa fela ut
Men etterkvart vart konkurransen mellom hardingfela og trekkspelet meir og meir merkbar. Særleg etter at dei gamle einraderane(einpikkarane) vart erstatta av toraders durspel og dei større kromatiske trekkspela som kom på marknaden frå 1910 og utover.

Dei eldre spelemennene i dalen kan fortelja mykje om denne tida og dei ymse utslag den ga. Særleg i 1930-åra og utover, då nye motar i musikk og dans på nytt slo innover landet som ei flodbølge, med tango, foxtrot og annan "negermusikk". Noregs Ungdomslag reagerte med å innføre forbod for anna enn folkeviseleik og nasjonalt spel og dans. Og trekkspelet vart eit endå større trugsmål mot felespelet.

Ein av grunnane kunne vera at trekkspelet let så mykje sterkare enn ei fele inne i eit danselokale. Men framfor alt var det så mykje enklare å spela all den nye musikken på instrumentet. Blant gamle spelemenn vart det snakka mykje stygt om trekkspelet. Og ein spelemann ga kontant beskjed om kva han meinte. Han dreit i ein trekkspelbelg for å få fred!
Fleire spelemenn la fela burt for godt. Frå slutten av 30-talet og fram til langt ut på 60-talet var det rekrutteringskrise innan hardingfelemusikken i Hallingdal.

"Me måtte tilpasse uss"
Nils Gjeldokk (1911-1993) var ein av dei som var aktiv spelemann alt frå midten av 1920-talet og utover. Han spelte i 133 bryllaup i si tid, og eit utal dansefestar.

- Eg spelte veldig mykje i lag med trekkspel, fortalde han. - Sevat Gudbrandsgard var ein svært god trekkspelar, og me spelte i lag i mange år. Då gikk det i alt frå "Gärdebylåten" til "Det blir atter sol og sommer". Og kanskje tok me ein tango med, viss det kneip på, eller ein foxtrot. "Sjæss" som folk kalla det.

"Tilpasning til det indre marked" ser altså ut til å ha vore ei løysing å ty til før i tida og.
- Du var sjølsagt interessert i å behalde både popularitet og speleoppdrag, seier ein annan nestor blant spelemennene i Hallingdal, Jens A. Myro (f.1921).
- Sit du på ei scene og spelar, og folk trampar og klappar og vil ha meir springar, so spelar du meir springar. Det er ein naturleg konsekvens det. Du må tilpasse deg det publikummet du har, sjølsagt.

- Både gamle Lars Skaret og Stranda-spelemennene som var aktive før og rundt hundreårskiftet spelte rund-dansmusikk. Det er ikkje tvil om det. Dei nytta både vals og reinlender. Og hadde dei hatt eit trekkspel å spela i lag med, so hadde dei vel gjort det også, tenkjer eg. Dei hadde vel kome te himmels allikevel, vil eg tru. Alle som spelte til dans hadde gamaldansmusikk på repertoaret. Sevat Sataøen og Olav Sataslåtten har f.eks. laga fine gamaldansmelodiar begge to, seier Jens A. Myro, som sjølv har spelt i lag med fleire gode trekkspelarar opp gjennom åra.

Han nemner Ola Kringlun (Dekko) på Torpo, Sevat Gudbrandsgard og Olav Dekko. - Det vart for det meste trekkspelaren som bestemte repertoaret, fortel Jens. - Me hengde uss på og spelte det folk ville ha.
Ein annan god trekkspelar frå Torpo i Ål er Arnfinn Haugen (f. 1921). Han spelte mykje i lag med hardingfelespelemannen Olav Sataslåtten, og har også laga fleire gode gamaldans-låttar.

Parallellt var det sjølsagt mange som reindyrka trekkspelmusikken. Og det har vore mange dyktige utøvarar i Hallingdal. Ottar E. Akre og den trekkspelstilen han skapte hadde mange beundrarar. "Kallegutta" under leiing av Karl Sonerud var eit kjempe-populært danseorkester på 1930-40-talet. For ikkje å snakke om den påverknaden Carl Jularbo har hatt på trekkspelarane også i Hallingdal. Dei ulike trekkspel-kongane samla fulle hus når dei kom på sine konsertferder med påfylgjande dansefest.

I dag er det i fyrste rekkje miljøet rundt Hallingdal Trekkspelklubb som tek vare på den reine trekkspel-gamaldansen. Trekkspelaren Andres Nibstad frå Gol har komponert ei rekkje trekkspel-melodiar i gamaldansstil som er spelt og godt kjent både i Noreg og Sverige. Det same kan seiast om Oddmund Hammerstad, også han goling.

"Torader-sjokket"
Det var ikkje før på 1970-talet at det for alvor tok til å skje noko nytt med gamaldansmusikken i Hallingdal. I miljøet rundt det nystarta Aal Spel- og Dansarlag var det kraftig aktivitet i desse åra. Blant anna ivra Hallgrim Berg sterkt for å blåse nytt liv i durspel-tradisjonen i bygda. Det var enno mange, både eldre og yngre, som spelte på torader.

Og ut av dette miljøet var det at "Toradertrioen frå Hallingdal" dukka opp. Oddvar Nygaards kvartett frå Gudbrandsdalen hadde 10 år tidlegare slått kraftig gjennom på landsbasis med sin gamaldansmusikk i slåttestil. Og gamaldansorkester med den samansetninga som sidan har vore vanleg, byrja å dukka opp rundt om i heile landet.

Så kom "toradersjokket" frå Hallingdal. I 1975 kom fyrste plata til Toradertrioen. Det var noko nytt, det var frisk og feiande glad musikk. Med nerve og originalitet. Det vart Spellemannpris, og dei fem LP-platene Toradertrioen ga ut selde tilsaman ca. 100.000 eksemplar. Ein rekord som det skal verta vanskeleg å slå.

Kva som har skjedd etterpå veit alle. Toraderen har spreidd seg som ein farang i by og bygd over heile landet, i ein ustoppeleg flaum. Dei fleste stader var toradermusikken gått ut av bruk og var gløymt. No blomstra interessa opp att. Lokale "toradertrioar" har dukka opp i alle bygder og vorte til ein slags "folkebevegelse". Dette er vel det viktigaste bidraget Hallingdal har gjeve til norsk gamaldansmusikk.

Det er interessant å stoppe litt ved repertoaret til Toradertrioen. For fyrste gong fekk gamaldans-Noreg høyre gamal durspel-runddans frå Hallingdal. Trioen var også tidleg ute med å forsøke seg på arrangering av springar og laus for fullt orkester. Ellers spelte dei gamaldansmusikk frå alle kantar av landet, ja Sverige med. Tok opp på repertoaret slåttar dei likte godt og presenterte dei i si eiga utgåve. Utan at slåttane tapte noko på det.

Musikkvalget deira illustrerer på ein god måte den funksjonen gamaldansmusikken har hatt i Hallingdal. Fordi ein ikkje har hatt nokon kontrollerande tradisjons-styring av slåttevalget, har spelemenn og danselyd sett på gamaldansen som ein slags internordisk musikkarv ein har kosa seg med. Ingen har vorte uglesett fordi om ein har spelt slåttar frå andre kantar av landet.

Viktige slåttekomponistar
Fleire av medlemmene i Toradertrioen har dessutan gitt sterke bidrag til slåttetilfanget i norsk gamaldansmusikk, med ei mengd nye "slagerar". Både Ola K. Rygg, Thorleif Stave, og særleg Oddvar Fingarsen og Jostein Sørbøen har komponert ei rekkje slåttar som er vorte standardrepertoar for durspelentusiastar over heile landet.

Oddemann Haugen frå Hol er ein annan halling som vart kjent over heile landet. Han konsentrerte seg heilt og fullt om den spelstilen som vart skapt av Hans og Gothard Erichsen. Øystein Nicolaisen frå Ål er vorte kjent både som utøvar og komponist. Det same er Egil Haugerud, også han frå Ål.
I kjølvatnet av Toradertrioen vart det starta andre orkester: Knut Halvards, Ålingane, Hallingdal Kraftlag og Heimføingan. Alle har markert seg sterkt på landsbasis.

Så sjølv om gamaldansmusikken ikkje akkurat er født og oppvaksen i Hallingdal, så har han likt seg rettigt godt her etterkvart.




Hallingdal Kraftlag
Toradertrioen frå Hallingdal - Knut Halvards
Sidetopp - Fyrstesida