Toradertrioen frå Hallingdal - Knut Halvards - Hallingdal Kraftlag -
Sven Nyhus Kvartett - Fyrstesida - Sidebotn



HONNDALSTAUSENE

Honndalstausene høyrer til frontfigurane i ungdomsbølgja som fornya det norske folkemusikkmiljøet mot slutten av forrige hundreåret. Sju jenter i musikalsk skapande samspel om den same levande folkemusikktradisjonen. Honndalstausene har vore inspirasjonskjelder og førebilete for svært mange. Med eit spel så friskt og uvørent at folk lyttar har jentene skapt seg ein unik posisjon, også utanfor miljøet.

"Honndalen" er dialektuttale for Hornindal. Og på hornindalsdialekt betyr "taus" eigentleg ei ugift, tilårskomen kvinne. Utan språkleg rettleiing er det kanskje ikkje så rart at folk flest trur "ei taus" er noko heilt anna etter å ha møtt Honndalstausene. For det er mange som etterkvart har lært å kjenna dette friske og sjarmerande jente-laget: Torunn Raftevold Rue, Marianne Tomasgård, Gunn Sølvi Gausemel, Bente Storbakken, Synnøve Hjellbakk Hole, Tone Lien Dyrkorn og Gunnhild Sindre.



Frå venstre: Gunnhild Sindre, Torunn Raftevold Rue, Tone Lien Dyrkorn, Marianne Tomasgård, Bente Storbakken, Synnøve Hjellbakk Hole og Gunn Sølvi Gausemel.

Honndalstausene er ein venninne-gjeng som har kjent kvarandre og vanka saman heilt sidan skuledagane heime i Hornindal i Sogn og Fjordane. Det lokale musikklivet i bygda var usedvanleg rikt. Det var på skulen at jentene fekk si første fele-undervisning alt i 10-11 årsalderen.
Sjølvsagt vekte det oppsikt då småjentene etter kvart dukka opp som soloutøvarar i yngste klasse på kappleik-scenene rundt om: - Så unge, så godt dei spelte, og så var det attpå til jenter. Folk ga seg ende over.

I 1983 var det at Honndalstausene for fyrste gong stod saman på scena som eige "spele-mannslag". Unge kvinner som ville noko meir enn berre å vera "maskotar" i miljøet. Og dei viste dette ved å spela fletta av dei etablerte spelemannslaga.

Sidan den gong er Honndalstausene vorte eit kjent namn langt utanfor folkemusikk-miljøet. Gjennom talrike radio-program, fjernsyn, turnear og oppdrag i Sverige, Tyskland, Sveits, Italia, Skottland og Finland, samt kappleik-deltaking og speleoppdrag i i heile landet, må Honndalstausene i dag reknast med blant dei verkelege ambassadørane for norsk folkemusikk.
Den fyrste plata deira; "Honndalstausene", som kom i 1988, resulterte i nominasjon til Spellemannprisen. I 1992 kom "Strengeleik". Og i 2000 kom "Frie Former".

Honndalstausene er trufaste mot musikktradisjonen sin. Likevel er dei i høgste grad nyskapande, ikkje minst når det gjeld gode og utfordrande arrangement. Men heile tida innanfor dei strenge rammene som folkemusikken sjølv set.

Trass i at tausene i dag bur langt frå kvarandre, er dei samde om å halde laget i aktivitet. Gunn Sølvi er busett i Bærum, Tone i Oslo, Bente i Nedre Eiker i Buskerud, Torunn i Flatdal i Telemark, Gunnhild i Markane i Stryn og Synnøve på Hellesylt på Møre. Medan Marianne i fleire år har budd i Houston, Texas i USA. Lydkassetter og notar går med fly og tog over hav og fjell og dalar, og intense øvingsperiodar syter for at lagånda er like levande.

Med seg under innøving og innspeling har tausene hatt gode støttespelarar. På første innspelinga, &laqno;Honndalstausene», spelar ålingane Arne Sigurd Haugen og Martin Thue gitar og kontrabass, medan honndølen Emil Kroken trakterar trekkspelet. På den andre innspelinga, &laqno;Strengeleik», er det ålingane Arne Sigurd Haugen, gitar og Arne Sandum, kontrabass, som utgjer kompet. Sistnemnte vil vera kjent for dei fleste som bassisten i Hellbillies. På den nye innspelinga, "Frie Former", er radarparet Thue/Haugen attende på komp.


Tilbake til hovudsida


Sidetopp