Jakob Sande / Dikt i samling / Storm frå vest
        ETTER EIN RANGEL

        I morgon vil eg byrja på eit nytt og betre liv,
        trur eg.
        Eg skal aldri gå på fylla meir og skjera folk med
        kniv,
        trur eg.
        Eg skal aldri skråla visar meir i laddevinsrus,
        men synge åndelege sanger i Zions bedehus,
        trur eg.
        Alle kvinnfolk som eg møtar skal eg sky som bare
        fan,
        trur eg.
        Og gå vyrdeleg forbi dei som ein nybakt
        kappelan,
        trur eg.
        Eg skal sitte som ein munk i ein misjonskone-ring,
        og drikka kaffe medan drøset går um åndelege
        ting,
        trur eg.
        Det skal ingen meir få sjå meg når det lir til høgste
        natt,
        trur eg,
        koma ruslande på heimveg utan stivety og hatt,
        trur eg.
        Eg skal legga meg når grisen går til kvile i sitt bol,
        og stå opp når hanen flakser og gjel i morgonsol,
        trur eg.
        Ja, i morgon skal eg byrja på den gode veg som
        sagt,
        trur eg.
        Taka striden upp mot kjøtet og den heile
        develsmakt,
        trur eg.
        Men i dag lyt det få vera, for eg er so spøkje tyrst
        at eg må ha eit ølkrus til å leska meg på fyrst,
        trur eg.