A MAR - BOSSA NOVA PÅ NYNORSK


HEIM    OM OSS    A MAR PÅ PLATE    "SKAL DET VÆR EIN BOSSA NOVA?"    PRESSEFOTO


SISTE NYTT:

lørdag 5. april kl 20.00 konsert Tre Brør Kafé, Voss

--------------------

fredag 2. mai                 konsert De Røde Sjøhus Stavanger

--------------------

"Oversatt, men ikke oversett"

--------------------



A Mar speler og syng bossa nova på nynorsk. Med gjendikta, bittersøte tekstar brettar me ut eit oppdatert kart over ein sjanger dei fleste kjenner til. Tristessa i brunbarka brasilianarar og melankolien i våte vestlendingar er to sider av same sak - det handlar om Livet og Havet, men mest om Kjærleiken. A Mar byr på musikk som er både eksotisk og kjend.

Sindre Sortland er cand philol i gitar (Griegakademiet, UiB), og fekk bossafot etter studier i Brasil. Sindre har m.a. spelt skulekonsertar i Rogaland og på alle barneskulane Hordaland, og han er jevnleg workshop-leiar på komposisjonsprosjekt for barneskular. Sindre har og hatt engasjement som teatermusikar på Den Nationale Scene og Logen Teater i Bergen, og han har spelt
på fleire festivalar for samtidsmusikk (UNM i Helsingfors, Autunnale og Borealis i Bergen og NuMusic i Stavanger).

Annelise Ringsby er frilans songar med allsidig erfaring innan mange sjangrar; pop, rock, jazz og viser. Ho har medverka på ei rekke TV-produksjonar, cd-innspelingar og stått på mange scener, både som vokalist og korist. Nemnast her kan cd og turné med "Løynde Eldars Land" (vokal og komposisjon) i anledning 100-årsjubileet for Tarjei Vesaas. I Bergen syng ho gjerne med Voksne Herrers Orkester på Logen Bar. Korsong har tidlegare ført Annelise på turné til Japan, Latvia og Sør-Afrika. Ho har og medverka i Det Store Korslaget på TV2.



LENKER:

KLIKK FOR YOUTUBE:

haustregn

a Raposa (Ylvis - the fox)

Fjella i det Fjerne

a MAR syng Eggum


--------------------


lik oss på facebook


--------------------




kontakt oss på tlf 959 32 141 eller epost sindresortland[krøllalfa]me.com