boksing

TSI Boksing

 

Boksing
   TSI Boksing tilbyr, som namnet tilseier, instruksjon i boksekunsten. Du treng ingen førehandskunnskapar om boksing for å byrje hos oss. Vi har alt frå reine nybyrjarar til røynde veteranar med lang kamperfaring, og begge kjønn er godt representerte. Anten du ønsker å lære sjølvforsvar, utvikle deg sportsleg eller berre er nyfiken, så kan dette vere ein fin inngangsport til The Noble Art. Dersom du alt er ?ein av oss?, er dette eit godt høve til å halde ferdigheitene ved like og treffe andre boksarar. Vi sender dessutan utøvarar på ulike stemne minst ein gong i året. Førebels arrangerer vi ikkje kampar sjølve, men det er noko vi jobbar med å få til.


Trening
   På ei vanleg trening vil du få innføring i bokseteknikk tilpassa ditt nivå og gjennomgå ulike teknikkøvingar, styrketrening og lett sparring for dei som vil prøve seg. Vi legg stor vekt på tryggleik og er ikkje ute etter å slå kvarandre flat, men du må rekne med å få deg ein på trynet i ny og ne.


Utstyr
   Klubben har hanskar og hjelmar, så det du treng av eige utstyr til å byrje med, er tannvern og bandasjar, som du får kjøpt av klubben. På sikt er det ein fordel å kjøpe eigne hanskar òg.


   Dersom du vil ha meir informasjon, så send mail til: tsi.boksing@gmail.com eller stikk innom ei trening. Vi er alltid interesserte i nye medlemmar!

   På vegner av klubben
   Knut-Arne Hareide, nestleiar
© Terje Korvanen 2006